Language 

Updates  | Medjugorje[EN]  | Budskapene  | Articles[EN]  | Videos[EN]  | Pictures[EN] | Site Map  | About[EN]

www.medjugorje.ws » Text version » Medjugorje Budskapene » Weekly Medjugorje Messages » Weekly Medjugorje Messages

Weekly Medjugorje Messages

(Mange av dei truande var sjokkerte av den siste bodskapen frå jomfru Maria. Enkelte hadde kjensla av at ho ikkje ville gje fleire bodskapar til soknet, men denne kvelden sa ho:)
"Eg talar til dykk og eg ynskjer å tala vidare. Lytt berre til mine rettleiingar! "

"Kjære barn! I dag er eg særs lykkeleg fordi det er mange som ynskjer å vie seg til meg. Takk skal de ha. De har ikkje teke feil. Sonen min, Jesus Kristus, ynskjer å skjenke dykk særskild nåde gjennom meg. Sonen min er lykkeleg for dykkar truskap. Takk for at de har svara på mitt kall. "

"Kjære barn! Eg har alt fortalt dykk at eg har valt dykk på ein særskild måte, nett slik de er. Eg, som er Mor dykkar, elskar dykk alle. Og når noko er vanskeleg for dykk, ver ikkje redde! For eg elskar dykk til og med når de er langt borte frå Sonen min og meg. Vær så snille, lat ikkje hjartet mitt gråte tårer av blod på grunn av sjelene som er mista ved synd. Difor, kjære barn, be, be, be! Takk for at de har svara på mitt kall. "

Kristi himmelfartsdag. Det var mykje folk tilstades, men det kom ingen bodskap. Jomfru Maria fortalte at ho ville gje ein bodskap laurdag, som skulle offentleggjerast i kyrkja sundag.

"Kjære barn! I kveld ynskjer eg å fortelja dykk, i dagane med denne novenaen, å be om at Den Heilage Ande må ausast ut over familiane dykkar og over soknet dykkar. Be, og de skal ikkje angre på det. Gud vil gje dykk gåver som vil få dykk til å lovprise Han til enden av livet dykkar på denne jorda. Takk for at de har svara på mitt kall. "

Ingen bodskap, men jomfru Maria lova å gje ein laurdag.

"Kjære barn! Be i morgon kveld om Sanningsanden! Særleg de frå soknet. Fordi de treng Sanningsanden for å vera i stand til å overbringe bodskapane akkurat slik dei er, utan å leggje noko til dei eller å ta noko som helst bort frå dei, men akkurat slik eg sa dei. Be den Den Heilage Ande om å influere på bønelivet dykkar, slik at de vil be meir. Eg, mor dykkar, fortel dykk at de ber lite. Takk for at de har svara på mitt kall. "

Ingen særskild bodskap.

"Be, be, be! Takk for at de har svara på mitt kall. "

Ingen særskild bodskap.

To compare Medjugorje messages with another language versions choose
<<Previous  1 2 3 4 5 6 7 8 9 10 11 ... 16 Next>>

 

PC version: This page | Medjugorje | Apparitions[EN]  | Budskapene  | Articles[EN]  | Pictures[EN]  | Medjugorje Videos[EN]