Language 

Updates  | Medjugorje[EN]  | Budskapene  | Articles[EN]  | Videos[EN]  | Pictures[EN] | Site Map  | About[EN]

www.medjugorje.ws » Text version » Medjugorje Budskapene » Medjugorje Budskapene by month mai

Medjugorje Budskapene by month mai

Kristi himmelfartsdag. Det var mykje folk tilstades, men det kom ingen bodskap. Jomfru Maria fortalte at ho ville gje ein bodskap laurdag, som skulle offentleggjerast i kyrkja sundag.

"Kjære barn! Eg har alt fortalt dykk at eg har valt dykk på ein særskild måte, nett slik de er. Eg, som er Mor dykkar, elskar dykk alle. Og når noko er vanskeleg for dykk, ver ikkje redde! For eg elskar dykk til og med når de er langt borte frå Sonen min og meg. Vær så snille, lat ikkje hjartet mitt gråte tårer av blod på grunn av sjelene som er mista ved synd. Difor, kjære barn, be, be, be! Takk for at de har svara på mitt kall. "

"Kjære barn! I dag er eg særs lykkeleg fordi det er mange som ynskjer å vie seg til meg. Takk skal de ha. De har ikkje teke feil. Sonen min, Jesus Kristus, ynskjer å skjenke dykk særskild nåde gjennom meg. Sonen min er lykkeleg for dykkar truskap. Takk for at de har svara på mitt kall. "

(Mange av dei truande var sjokkerte av den siste bodskapen frå jomfru Maria. Enkelte hadde kjensla av at ho ikkje ville gje fleire bodskapar til soknet, men denne kvelden sa ho:)
"Eg talar til dykk og eg ynskjer å tala vidare. Lytt berre til mine rettleiingar! "

To compare Medjugorje messages with another language versions choose
<<Previous  1 2 3 4 5

 

PC version: This page | Medjugorje | Apparitions[EN]  | Budskapene  | Articles[EN]  | Pictures[EN]  | Medjugorje Videos[EN]