Language 

Updates  | Medjugorje[EN]  | Budskapene  | Articles[EN]  | Videos[EN]  | Pictures[EN] | Site Map  | About[EN]

www.medjugorje.ws » Text version » Medjugorje Budskapene » Medjugorje Budskapene by month juni

Medjugorje Budskapene by month juni

"Kjære barn! I desse dagane tillet Herren meg å gje dykk meir nåde gjennom mi forbøn. Difor oppmodar eg dykk nok ein gong til å be, kjære barn! Be utan opphald! På den måten vil eg gje dykk gleda som Herren gjev til meg. Med desse nådegåvene, kjære barn, ynskjer eg at dykkar lidingar blir til glede. Eg er Mor dykkar, og eg ynskjer å hjelpe dykk. Takk for at de har svara på mitt kall. "

"Kjære barn! I dag kallar eg dykk til å begynne å be rosenkransen med ei levande tru. På den måten vil eg vera i stand til å hjelpe dykk. De, kjære barn, ynskjer å motta nåde utan at de ber. Eg kan ikkje hjelpe dykk, fordi de kjem ikkje i gang. Kjære barn, eg kallar dykk til å be rosenkransen, og at det å be rosenkrasen blir ei plikt for dykk som de vil fullføre med glede. På den måten skal de forstå grunnen til at eg er med dykk så lenge. Eg ynskjer å lære dykk å be. Takk for at de har svara på mitt kall. "

"Kjære barn! I dag kallar eg dykk til å bestemme dykk om de er viljuge til å etterleva dei bodskapane eg gjev dykk. Eg ynskjer at de aktivt etterlever og vidarefører bodskapane. Kjære barn, eg ynskjer særleg at de alle blir ei etterlikning av Jesu lys, for å opplyse denne vantruande verda som vandrar i mørke. Eg ynskjer at de skal vera som lys for andre og vera vitne med lyset. Kjære barn, de er ikkje kalla til mørket, men til lyset. Lev difor lyset med liva dykkar. Takk for at de har svara på mitt kall. "

"Kjære barn! Gjennom bodskapen eg gjev dykk i dag ynskjer eg å kalle dykk til å vera audmjuke. Desse dagane har de følt stor glede på grunn av alle menneska som har kome hit, og som de med kjærleik har kunna fortelja om opplevingane dykkar. No inviterer eg dykk til å halde fram med å vera audmjuke og tala med eit ope hjarte til alle som kjem. Takk for at de har svara på mitt kall. "

"Eg inviterer dykk til å oppmode alle om å be rosenkransen. Med rosenkransen vil de halde ut all motgang som Satan prøver å tilføre Den katolske kyrkja. Alle de prestar, be rosenkransen! Vie tida dykkar til rosenkransen! "
Denne bodskapen er svaret som Marija Pavlovic fekk på følgjande spørsmål: Jomfru Maria, kva ynskjer du å seia til prestar?

"Kjære barn! Til denne festdagen (årsmarkeringa) ynskjer eg å be dykk om å opne hjarto dykkar for han som er Herre for alle hjarto. Gje meg alle kjenslene dykkar og alle dykkar problem! Eg ynskjer å trøyste dykk i alle dykkar prøvingar. Eg ynskjer å fylle dykk med fred, glede og kjærleik frå Gud. Takk for at de har svara på mitt kall. "

"Kjære barn! Fram mot årsdagen oppmodar eg dykk, soknet, til å be meir og å lata bønene dykkar vera eit teikn på overgjeving til Gud. Kjære barn, eg veit at de alle er trøytte, men de veit ikkje korleis de skal overgje dykk til meg. Gje dykk heilt og fullt over til meg gjennom desse dagane! Takk for at de har svara på mitt kall. "

"Kjære barn! I dagane som kjem vil det koma folk frå alle nasjonar til soknet. Og no kallar eg dykk til å elske: Elsk fyrst av alt medlemme i dykkar eigne husstandar, og så vil de bli i stand til å akseptere og elske alle som kjem. Takk for at de har svara på mitt kall. "

Ingen særskild bodskap.

"Be, be, be! Takk for at de har svara på mitt kall. "

To compare Medjugorje messages with another language versions choose

 

PC version: This page | Medjugorje | Apparitions[EN]  | Budskapene  | Articles[EN]  | Pictures[EN]  | Medjugorje Videos[EN]