Language 

Updates  | Medjugorje[EN]  | Budskapene  | Articles[EN]  | Videos[EN]  | Pictures[EN] | Site Map  | About[EN]

www.medjugorje.ws » Text version » Medjugorje Budskapene » Medjugorje Budskapene containing 'særleg'

Medjugorje Budskapene containing 'særleg'

Total found: 21
"Kjære barn! Be i morgon kveld om Sanningsanden! Særleg de frå soknet. Fordi de treng Sanningsanden for å vera i stand til å overbringe bodskapane akkurat slik dei er, utan å leggje noko til dei eller å ta noko som helst bort frå dei, men akkurat slik eg sa dei. Be den Den Heilage Ande om å influere på bønelivet dykkar, slik at de vil be meir. Eg, mor dykkar, fortel dykk at de ber lite. Takk for at de har svara på mitt kall. "

Tysdag. Uventa openberring for Ivan. Han ba heime, og gjorde seg etterpå klar til å gå til kveldsmessa i kyrkja. Overraskande openberra jomfru Maria seg for han og bad han om å fortelja det til folket:
"Eg ville like at folket ber saman med meg desse dagane. Og be så mykje som muleg! Fast strengt på onsdagar og fredagar, og be minst ein rosenkrans kvar dag: dei gledesfylte, dei smertelege og dei herleggjerande mysteria. "
Jomfru Maria bad om at me godtek denne bodskapen med ei bestemt vilje. Ho venta det særleg av innbyggjarane i soknet og dei truande på stadane rundt.

"Kjære barn! Eg bønfell dykk, særleg dei frå dette soknet, om å leva etter bodskapane mine og overbringe dei til andre, til alle de møter. Takk for at de har svara på mitt kall. "

"Kjære barn! Be, be! "
Marija sa at jomfru Maria kalla folk, og då særleg dei unge, tilordentleg framferd under messa.

Bodskapen handlar om krossen som er bygd på ein åskam ved Medjugorje:
"Kjære barn! Krossen var også i Guds plan då de bygde han. Gå særleg desse dagane på fjellet og be framføre krossen. Eg treng bønene dykkar. Takk for at de har svara på mitt kall. "

"Kjære barn! Nei, de veit ikkje kor stor nåde Gud gjev dykk. De ynskjer ikkje å koma lenger framover i desse dagane når Den Heilage Ande verkar på ein særleg måte. Hjarto dykkar er vende mot jordiske ting og dei okkuperer dykk. Vend hjarto dykkar mot bøn og be om at Den Heilage Ande må bli tømd ut over dykk. Takk for at de har svara på mitt kall. "

"Kjære barn! Særleg no i dag inviterer eg dykk til å ta opp kampen mot Satan med bøn. Satan vil kjempe endå meir no når de veit at han er i arbeid. Kjære barn, rust dykk for kamp og nedkjemp han med rosenkransen i hendene. Takk for at de har svara på mitt kall. "

"Kjære barn! Eg ynskjer å fortelja dykk at krossen burde vera sentral desse dagane. Be særleg framføre krossen, som det kjem store nådegåver frå. Innvie dykk no særskilt til krossen i heimane dykkar. Lov meg at de korkje vil krenke Jesus eller misbruke krossen. Takk for at de har svara på mitt kall. "

"Kjære barn! Eg takkar dykk for alle bønene. Eg takkar for alle offera dykkar. Eg ynskjer å be dykk, kjære barn, om å fornye bodskapane som eg gjev dykk. Etterlev særleg fasta, fordi de gjennom faste vil gje meg gleda med å sjå at heile planen, som Gud har planlagt her i Medjugorje, blir fullførd. Takk for at de har svara på mitt kall. "

"Kjære barn! Eg vil takke alle for alt de har gjort for meg, særleg ungdomen. Eg bønnfell dykk, kjære barn, om alltid å vera medvetne når de ber. Gjennom bøn vil de kjenne storleiken til Gud. Takk for at de har svara på mitt kall. "

"Kjære barn! I dag ynskjer eg å invitere deg til å vera glad i naboen din. Om du elskar naboen din, vil du sanse Jesus meir, særleg fyrste juledag. Gud vil skjenke deg store gåver om du overgjev deg til Han. Særleg i jula vil eg gje mødre mi eiga moderlege velsigning, og Jesus vil velsigne dei andre med si velsigning. Takk for at de har svara på mitt kall. "

"Kjære barn! I dag kallar eg dykk alle til å be om at Guds planar for oss må bli realiserte, og at alt som Gud ynskjer gjennom dykk kan bli fullført! Hjelp andre med å bli omvende, særleg dei som kjem til Medjugorje. Kjære barn, lat ikkje Satan få kontroll i hjarto dykkar, slik at de blir ei etterlikning av Satan og ikkje av meg. Eg kallar dykk til å be slik at de kan bli vitne for mitt nærvær. Utan dykk kan ikkje Gud realisere det Han ynskjer. Gud har gjeve alle ei fri vilje, og de kontrollerer ho. Takk for at de har svara på mitt kall. "

"Kjære barn! I dag inviterer eg dykk til bøn. Kjære barn, de har gløymt at de alle er viktige. Særleg dei eldre i familien er viktige. Oppmod dei til å be. Lat alle dei unge bli gode eksempel for andre med liva sine, og lat dei vitne om Jesus. Kjære barn, eg tryglar dykk om å ta til å forandre dykk gjennom bøn, så skal de få vita kva de treng å gjera. Takk for at de har svara på mitt kall. "

"Kjære barn! I dag kallar eg dykk til å bestemme dykk om de er viljuge til å etterleva dei bodskapane eg gjev dykk. Eg ynskjer at de aktivt etterlever og vidarefører bodskapane. Kjære barn, eg ynskjer særleg at de alle blir ei etterlikning av Jesu lys, for å opplyse denne vantruande verda som vandrar i mørke. Eg ynskjer at de skal vera som lys for andre og vera vitne med lyset. Kjære barn, de er ikkje kalla til mørket, men til lyset. Lev difor lyset med liva dykkar. Takk for at de har svara på mitt kall. "

"Kjære barn! Eg glær meg over alle som er på veg mot det heilage, og eg ber om at de med dykkar eigne vitnesbyrd hjelper dei som ikkje veit korleis dei skal leva heilagt. Difor, kjære barn, lat familiane dykkar bli ein stad der det heilage blir fødd. Hjelp alle til å leva på ein heilag måte, særleg familiane dykkar.Takk for at de har svara på mitt kall. "

"Kjære barn! Hat føder usemje og tek ikkje omsyn til nokon eller noko.Eg kallar dykk til alltid å bera fram samhald og fred. Særleg der de bur, kjære barn, oppfør dykk med kjærleik. Lat kjærleik vera det einaste middelet for dykk. Med kjærleik kan de redde alt som Satan ynskjer å øydeleggje. Berre på den måten skal de bli fullstendig mine, og eg skal klare å hjelpe dykk. Takk for at de har svara på mitt kall. "

"Kjære barn! I dag kallar eg dykk til bøn og faste. De veit, kjære barn, at med dykkar hjelp kan eg fullføra alt og tvinga Satan til ikkje å lokke til det vonde og å fjerna han frå denne staden. Kjære barn, Satan ligg på lur etter kvar person. Særleg i det daglege ynskjer han å spreie forvirring mellom kvar og ein av dykk. Difor kallar eg dykk, kjære barn, til at dagane dykkar berre blir fylde av bøn og at de overgjev dykk heilt til Gud. Takk for at de har svara på mitt kall. "

"Kjære barn! I desse dagane når de glade lovprisar krossen, ynskjer eg at krossen dykkar også vil bli til glede for dykk. Kjære barn, be særleg om at de blir i stand til å akseptere sjukdom og lidingar med kjærleik, på same måte som Jesus gjorde. Berre på den måten blir eg i stand til med glede å gje dykk den nåde og dei helbredingar som Jesus tillet meg. Takk for at de har svara på mitt kall. "

"Kjære barn! I dag kallar eg dykk på nytt til bøn med heile hjartet og at de dag for dag forandrar liva dykkar. Eg kallar dykk særleg, kjære barn, at de med dykkar bøner og offer tek til å leva eit heilagt liv, fordi eg ynskjer at kvar og ein av dykk som har vore ved denne heilage kjelda kjem til paradiset med den spesielle gåva som de skal gje meg, nemleg det heilage. Difor, kjære barn, be dag ut og dag inn for å få endra liva dykkar slik at de kan bli heilage, så skal eg alltid vera nær dykk! Takk for at de har svara på mitt kall. "

"Kjære barn! I dag kallar eg dykk til å førebu hjarto dykkar til desse dagane, når Herren særleg ynskjer å rense dykk for alle tidlegare synder. De, kjære barn, er ikkje i stand til å gjera det åleine, difor er eg her for å hjelpe dykk. Be, kjære barn! Berre på den måten vil de vera i stand til å erkjenne alt det vonde som er i dykk og overgje det til Herren, slik at Han kan rense hjarto dykkar fullstendig. Difor, kjære barn, bed utan opphør og førebu hjarto dykkar gjennom bot og faste. Takk for at de har svara på mitt kall. "

To compare Medjugorje messages with another language versions choose
1 2 Next>>

 

PC version: This page | Medjugorje | Apparitions[EN]  | Budskapene  | Articles[EN]  | Pictures[EN]  | Medjugorje Videos[EN]