Language 

Updates  | Medjugorje[EN]  | Budskapene  | Articles[EN]  | Videos[EN]  | Pictures[EN] | Site Map  | About[EN]

www.medjugorje.ws » Text version » Medjugorje Budskapene » Medjugorje Budskapene containing 'min'

Medjugorje Budskapene containing 'min'

Total found: 189
"Kjære barn! Eg har valt dette soknet på ein særskild måte og eg ynskjer å leie det. Eg vernar det med kjærleik og eg ynskjer at alle skal vera mine. Takk for at de svara denne kvelden. Eg ynskjer at de heile tida blir fleire som blir med meg og Sonen min. Kvar torsdag vil eg koma med ein bodskap til dykk. "

"Kjære barn! Eg kallar dykk i kveld, no i fastetida, på ein særskild måte til å ære såra til Sonen min, dei Han fekk frå syndene i dette soknet. Forein dykk med bønene mine for soknet, slik at Hans lidingar kan bli moglege å bera. Takk for at de har svara på mitt kall. Prøv å vera endå fleire når de kjem. "

"Kjære barn! Denne kvelden ber eg om at de spesielt ærar hjartet til Sonen min, Jesus. Gjer godt att for såra som er påførde hjartet til Sonen min. Det hjartet er krenkt av all slags synd. Takk for at de har kome denne kvelden. "

"Kjære barn! I dag bønnfell eg dykk om å slutte med baktaling og om å be for samhaldet i soknet, fordi Sonen min og eg har ein særskild plan for dette soknet. Takk for at de har svara på mitt kall. "

(Dette var ein måndag og Marija Pavlovic spurde jomfru Maria kvifor ho ikkje gav ein bodskap til soknet sist torsdag. Jomfru Maria svara:)
"Sjølv om eg hadde særskilde bodskapar til soknet, som eg ynskte å vekkje trua til kvar truande med, ynskjer eg ikkje å tvinge nokon til å gjera det han/ho korkje føler eller ynskjer. Men berre nokre få har teke imot torsdags-bodskapane mine. Til å byrje med var det ganske mange, men det har vorte ei rutinesak for dei. Og no nyleg bad enkelte om bodskapane fordi dei er nysgjerrige, og ikkje på grunn av tru og fromheit for Sonen min og meg. "

"Kjære barn! I dag er eg særs lykkeleg fordi det er mange som ynskjer å vie seg til meg. Takk skal de ha. De har ikkje teke feil. Sonen min, Jesus Kristus, ynskjer å skjenke dykk særskild nåde gjennom meg. Sonen min er lykkeleg for dykkar truskap. Takk for at de har svara på mitt kall. "

"Kjære barn! Eg har alt fortalt dykk at eg har valt dykk på ein særskild måte, nett slik de er. Eg, som er Mor dykkar, elskar dykk alle. Og når noko er vanskeleg for dykk, ver ikkje redde! For eg elskar dykk til og med når de er langt borte frå Sonen min og meg. Vær så snille, lat ikkje hjartet mitt gråte tårer av blod på grunn av sjelene som er mista ved synd. Difor, kjære barn, be, be, be! Takk for at de har svara på mitt kall. "

"Kjære barn! Desse dagane prøver Satan å motarbeide planane mine. Bed om at hans plan ikkje må bli fullførd. Eg vil be til Sonen min, Jesus, om å gje dykk nåde til å erfare Jesu siger i freistingane til Satan. Takk for at de har svara på mitt kall. "

"Kjære barn! Be gjennom denne månaden. Gud tillet meg kvar dag med nåde å hjelpe dykk med å forsvara dykk sjølve mot det vonde. Dette er min månad. Eg vil gje han til dykk. De skal berre be og Gud vil gje dykk den nåde de søkjer. Eg vil hjelpe til med det. Takk for at de har svara på mitt kall. "

"Kjære barn! De er eit utvalt folk og Gud har gjeve dykk stor nåde. De er ikkje medvetne på alle bodskapane som eg gjev dykk. No vil eg berre seia - be, be, be! Eg veit ikkje kva anna å fortelja dykk, fordi eg elskar dykk, og eg ynskjer at de gjennom bøn skal forstå min kjærleik og kjærleiken frå Gud. Takk for at de har svara på mitt kall. "

"Kjære barn! Desse dagane inviterer eg dykk til å be i familiane. Mange gonger har eg gjeve dykk bodskapar i namnet åt Gud, en de har ikkje høyrt på meg. Denne jula vil bli ugløymeleg for dykk berre dersom de tek imot bodskapane eg gjev dykk. Kjære barn, lat ikkje denne gledesfylte dagen bli min mest sorgtunge dag. Takk for at de har svara på mitt kall. "

Måndag, bodskap gjennom Vicka:
"Mine kjære barn! Satan er så sterk. Med all si kraft ynskjer han å forstyrre planane som eg har begynt med dykk. De må halde fram med å be. Be berre og stopp ikkje for eit einaste minutt. Eg vil be til Sonen min om at alle planane eg har sett i gang blir fullførde. Vær tolmodige og uthaldande i bønene dykkar og lat ikkje Satan ta motet frå dykk. Han arbeider hardt i verda. Ver på vakt! "

"Kjære barn! Frå dag til dag har eg invitert dykk til fornying og bøn i soknet, men de tek ikkje imot det. I dag ber eg dykk for siste gong! No er det fastetid, og som sokn kan de i løpet av fastetida vende dykk til min bodskap ut av kjærleik. Om de ikkje gjer det, ynskjer eg ikkje å halde fram med å gje bodskapar. Gud tillet meg det. Takk for at de har svara på mitt kall. "

"I dag ynskjer eg å kalle dykk alle til skriftemål, sjølv om de har skrifta for nokre få dagar sidan. Eg ynskjer at de alle får oppleva festdagen min inni dykk. Men de kan ikkje oppleva det utan at de overgjev dykk fullstendig til Gud. Difor inviterer eg dykk alle til forsoning med Gud. "

"De soknebarn har ein stor og tung kross, men vær ikkje redde for å bera han. Sonen min er med dykk og Han vil hjelpe dykk. "

"Kjære barn! Min invitasjon for jula er at me saman lovprisar Jesus. Eg gjev han til dykk på ein spesiell måte den dagen og eg inviterer dykk med meg til å prise Jesus ved Hans fødsel. Kjære barn, be meir og tenk meir på Jesus den dagen. Takk for at de har svara på mitt kall. "

"Kjære barn! Dette soknet, som eg har valt, er spesielt og annleis enn andre. Og eg gjev stor nåde til alle som ber med hjartet. Kjære barn, eg gjev bodskapane fyrst og fremst til innbyggjarane i soknet, og så til alle andre. Fyrst av alt må de akseptere bodskapane, og så dei andre. De skal stå til ansvar overfor meg og Sonen min, Jesus. Takk for at de har svara på mitt kall. "

"Kjære barn! Eg ynskjer å takke dykk for alle offer, og eg kallar dykk til det største av alle offer, kjærleikens offer. Utan kjærleik kan de korkje godta meg eller Sonen min. Utan kjærleik kan de ikkje fortelja om erfaringane dykkar til andre. Difor kallar eg dykk, kjære barn, til å ta til å leva med kjærleik. Takk for at de har svara på mitt kall. "

"Kjære barn! I dag ynskjer eg å gje dykk min kjærleik. De veit ikkje, kjære barn, kor stor kjærleiken min er, og de veit ikkje korleis de skal ta imot han. På forskjellige måtar ynskjer eg å syne kjærleiken til dykk, kjære barn, men de gjenkjenner han ikkje. De forstår ikkje orda mine med hjarta dykkar, og de er heller ikkje i stand til å forstå kjærleiken min. Kjære barn, godta meg i liva dykkar så vil de bli i stand til å akseptere alt eg seier til dykk, og som eg kallar dykk til. Takk for at de har svara på mitt kall. "

"Kjære barn! I dag kallar eg dykk til å verkeleggjera kjærleiken i liva dykkar til Gud og dykkar medmenneske. Utan kjærleik, kjære barn, kan de ikkje gjera noko. Difor kallar eg dykk, kjære barn, til å leva i gjensidig kjærleik. Berre slik blir de i stand til å elske og akseptere både meg og alle dei rundt dykk. Alle vil kjenne min kjærleik gjennom dykk. Difor ber eg dykk frå i dag, kjære barn, om å starte å elske kvarandre med ein glødane kjærleik, kjærleiken som eg elskar dykk med. Takk for at de har svara på mitt kall. "

To compare Medjugorje messages with another language versions choose
1 2 3 4 5 6 7 8 9 10 Next>>

 

PC version: This page | Medjugorje | Apparitions[EN]  | Budskapene  | Articles[EN]  | Pictures[EN]  | Medjugorje Videos[EN]