Language 

Updates  | Medjugorje[EN]  | Budskapene  | Articles[EN]  | Videos[EN]  | Pictures[EN] | Site Map  | About[EN]

www.medjugorje.ws » Text version » Medjugorje Budskapene » Medjugorje Budskapene containing 'liva'

Medjugorje Budskapene containing 'liva'

Total found: 14
"Kjære barn! De har alle opplevt lys og mørke i liva dykkar. Gud gjev alle evna til å skilja rett frå gale. Eg kallar dykk til lyset som de burde ta med til alle folk som er i mørkret. Folk som er i mørkret kjem dagleg inn i heimane dykkar. Kjære barn, gje dei lyset! Takk for at de har svara på mitt kall. "

"Kjære barn! Desse dagane kallar eg dykk særskilt til å opne hjarto dykkar for Den Heilage Ande. Særskilt i desse dagane arbeider Den Heilage Ande gjennom dykk. Opne hjarto dykkar og overgjev liva dykkar til Jesus, slik at Han arbeider gjennom hjarto dykkar og styrkjer dykk i trua. Takk for at de har svara på mitt kall. "

"Kjære barn! Eg elskar soknet og eg vernar det med kappa mi mot alt som er Satans verk. Be om at Satan trekkjer seg ut av soknet og frå kvart individ som kjem inn i soknet. På den måten skal de bli i stand til å høyre alle påkallingane frå Gud, og til å svara dei med liva dykkar. Takk for at de har svara på mitt kall. "

"Kjære barn! I dag inviterer eg dykk om audmjukt til å etterleva alle bodskapane eg gjev dykk. Bli ikkje arrogante når de etterlever bodskapane ved å seia "eg etterlever bodskapane". Om de ber bodskapane i hjarto dykkar og etterlever dei, vil alle føle det slik at det ikkje er bruk for ord, som berre tener dei som ikkje vil lytte. De, kjære barn, treng berre å leva og vitne med liva dykkar. Takk for at de har svara på mitt kall. "

"Kjære barn! Den andre bodskapen i denne fastetida er at de fornyar bøna framføre krossen. Kjære barn, eg gjev dykk særskild nåde, og Jesus gjev dykk særskilde gåver frå krossen. Ta imot dei og opplev dei! Tenk på Jesu pinsle og forein dykk med Jesus i liva dykkar! Takk for at de har svara på mitt kall. "

"Kjære barn! I dag inviterer eg dykk til bøn. Kjære barn, de har gløymt at de alle er viktige. Særleg dei eldre i familien er viktige. Oppmod dei til å be. Lat alle dei unge bli gode eksempel for andre med liva sine, og lat dei vitne om Jesus. Kjære barn, eg tryglar dykk om å ta til å forandre dykk gjennom bøn, så skal de få vita kva de treng å gjera. Takk for at de har svara på mitt kall. "

"Kjære barn! Eg ber dykk om å ta til å forandre liva i familiane dykkar. Lat familien bli ein harmonisk blomst som eg kan gje til Jesus. Kjære barn, lat kvar familie bli oppteken av bøn, for eg ynskjer ein dag å sjå fruktene i familiane. Berre på den måten vil eg gje dykk alle som kronblad, som ei gåve til Jesus i samband med fullføringa av Guds plan. Takk for at de har svara på mitt kall. "

"Kjære barn! I dag ynskjer eg å gje dykk min kjærleik. De veit ikkje, kjære barn, kor stor kjærleiken min er, og de veit ikkje korleis de skal ta imot han. På forskjellige måtar ynskjer eg å syne kjærleiken til dykk, kjære barn, men de gjenkjenner han ikkje. De forstår ikkje orda mine med hjarta dykkar, og de er heller ikkje i stand til å forstå kjærleiken min. Kjære barn, godta meg i liva dykkar så vil de bli i stand til å akseptere alt eg seier til dykk, og som eg kallar dykk til. Takk for at de har svara på mitt kall. "

"Kjære barn! I dag kallar eg dykk til å verkeleggjera kjærleiken i liva dykkar til Gud og dykkar medmenneske. Utan kjærleik, kjære barn, kan de ikkje gjera noko. Difor kallar eg dykk, kjære barn, til å leva i gjensidig kjærleik. Berre slik blir de i stand til å elske og akseptere både meg og alle dei rundt dykk. Alle vil kjenne min kjærleik gjennom dykk. Difor ber eg dykk frå i dag, kjære barn, om å starte å elske kvarandre med ein glødane kjærleik, kjærleiken som eg elskar dykk med. Takk for at de har svara på mitt kall. "

"Kjære barn! I dag kallar eg dykk til å bestemme dykk om de er viljuge til å etterleva dei bodskapane eg gjev dykk. Eg ynskjer at de aktivt etterlever og vidarefører bodskapane. Kjære barn, eg ynskjer særleg at de alle blir ei etterlikning av Jesu lys, for å opplyse denne vantruande verda som vandrar i mørke. Eg ynskjer at de skal vera som lys for andre og vera vitne med lyset. Kjære barn, de er ikkje kalla til mørket, men til lyset. Lev difor lyset med liva dykkar. Takk for at de har svara på mitt kall. "

"Kjære barn! Med dykkar eigen fred kallar eg dykk til å hjelpe andre med å sjå og å begynne med å leite etter fred. De er i fred, kjære barn, og forstår ikkje ufred. Difor kallar eg dykk slik at de gjennom bøn og liva dykkar hjelper til med å øydeleggje alt som er vondt i folk, og å avdekkje narreriet som Satan brukar. De skal be om at sanninga må vinne i alle hjarte. Takk for at de har svara på mitt kall. "

"Kjære barn! I dag ynskjer eg på nytt å syne kor mykje eg elskar dykk, men eg er lei meg at eg ikkje kan hjelpe alle med å forstå min kjærleik. Difor, kjære barn, kallar eg dykk til bøn og fullstendig overgjeving til Gud, fordi Satan vil skilje dykk i det daglege, og han ynskjer å ta fyrsteplassen i liva dykkar. Kjære barn, be difor utan opphald! Takk for at de har svara på mitt kall. "

"Kjære barn! I dag kallar eg dykk på nytt til bøn med heile hjartet og at de dag for dag forandrar liva dykkar. Eg kallar dykk særleg, kjære barn, at de med dykkar bøner og offer tek til å leva eit heilagt liv, fordi eg ynskjer at kvar og ein av dykk som har vore ved denne heilage kjelda kjem til paradiset med den spesielle gåva som de skal gje meg, nemleg det heilage. Difor, kjære barn, be dag ut og dag inn for å få endra liva dykkar slik at de kan bli heilage, så skal eg alltid vera nær dykk! Takk for at de har svara på mitt kall. "

"Kjære barn! I dag kallar eg dykk til å overgje liva dykkar med kjærleik til meg, slik at eg kan leie dykk med kjærleik. Eg elskar dykk med ein ekstra kjærleik, kjære barn, og eg ynskjer å føre dykk alle fram til himmelen til Gud. Eg ynskjer at de skal vera klar over at dette livet er kortvarig samanlikna med livet i himmelen. Difor, kjære barn, bestem dykk i dag på nytt for Gud. Berre på den måten vil eg vera i stand til å syne dykk kor sterkt eg ynskjer at de alle må bli redda og bli med meg i himmelen. Takk for at de har svara på mitt kall. "

To compare Medjugorje messages with another language versions choose

 

PC version: This page | Medjugorje | Apparitions[EN]  | Budskapene  | Articles[EN]  | Pictures[EN]  | Medjugorje Videos[EN]