Language 

Updates  | Medjugorje[EN]  | Budskapene  | Articles[EN]  | Videos[EN]  | Pictures[EN] | Site Map  | About[EN]

www.medjugorje.ws » Text version » Medjugorje Budskapene » Medjugorje Budskapene containing 'kvar'

Medjugorje Budskapene containing 'kvar'

Total found: 21
"Kjære barn! Eg har valt dette soknet på ein særskild måte og eg ynskjer å leie det. Eg vernar det med kjærleik og eg ynskjer at alle skal vera mine. Takk for at de svara denne kvelden. Eg ynskjer at de heile tida blir fleire som blir med meg og Sonen min. Kvar torsdag vil eg koma med ein bodskap til dykk. "

(Dette var ein måndag og Marija Pavlovic spurde jomfru Maria kvifor ho ikkje gav ein bodskap til soknet sist torsdag. Jomfru Maria svara:)
"Sjølv om eg hadde særskilde bodskapar til soknet, som eg ynskte å vekkje trua til kvar truande med, ynskjer eg ikkje å tvinge nokon til å gjera det han/ho korkje føler eller ynskjer. Men berre nokre få har teke imot torsdags-bodskapane mine. Til å byrje med var det ganske mange, men det har vorte ei rutinesak for dei. Og no nyleg bad enkelte om bodskapane fordi dei er nysgjerrige, og ikkje på grunn av tru og fromheit for Sonen min og meg. "

Tysdag. Uventa openberring for Ivan. Han ba heime, og gjorde seg etterpå klar til å gå til kveldsmessa i kyrkja. Overraskande openberra jomfru Maria seg for han og bad han om å fortelja det til folket:
"Eg ville like at folket ber saman med meg desse dagane. Og be så mykje som muleg! Fast strengt på onsdagar og fredagar, og be minst ein rosenkrans kvar dag: dei gledesfylte, dei smertelege og dei herleggjerande mysteria. "
Jomfru Maria bad om at me godtek denne bodskapen med ei bestemt vilje. Ho venta det særleg av innbyggjarane i soknet og dei truande på stadane rundt.

Måndag. Jacov var sjuk og han mottok denne bodskapen heime:
"Kjære barn! Lat alle bønene de ber om kvelden i heimane dykkar vera for omvending av syndarar, fordi verda er i stor synd. Be rosenkransen kvar kveld. "

"Kjære barn! I dag kallar eg dykk til å lesa i Bibelen kvar dag i heimane dykkar. Lat den vera på ein synleg stad slik at denalltid oppmuntrar dykk til å lesa og å be. Takk for at de har svara på mitt kall. "

"Kjære barn! Be gjennom denne månaden. Gud tillet meg kvar dag med nåde å hjelpe dykk med å forsvara dykk sjølve mot det vonde. Dette er min månad. Eg vil gje han til dykk. De skal berre be og Gud vil gje dykk den nåde de søkjer. Eg vil hjelpe til med det. Takk for at de har svara på mitt kall. "

"Kjære barn! I dag ber eg dykk om å gjera noko konkret for Jesus Kristus. Som eit teikn på truskap til Jesus, ynskjer eg at kvar familie i soknet skal ta med seg ein blome til den gledesfylte dagen. Eg vil at kvart medlem i familien skal ha ein blome ved krubba, slik at Jesus kan koma og sjå dykkar truskap til Han! Takk for at de har svara på mitt kall. "

"Kjære barn! Desse dagane har de fått erfare Guds godleik gjennom fornyingane som har skjedd i dette soknet. Satan vil arbeide endå meir intenst for å ta bort gleda frå kvar og ein av dykk. Gjennom bøn kan de avvepne han fullstendig og sikre gleda dykkar. Takk for at de har svara på mitt kall. "

"Kjære barn! I dag ynskjer eg å kalle dykk til bøn, bøn, bøn! I bøn vil de merke den største gleda og finne vegen ut av alle situasjonar som ikkje har nokon utgang. Takk for at de har teke til å be. Kvar einskild er kjær for hjartet mitt, og eg takkar alle som har gått inn for bøn i familiane sine. Takk for at de har svara på mitt kall. "

"Kjære barn! I dag takkar eg dykk for kvar og ein som har opna hjarto sine. Glede innhentar meg for kvart hjarte som blir opna for Gud, særskilt frå soknet. Fryd dykk med meg! Be alle bønene for opning av syndefulle hjarte. Eg ynskjer det. Gud ynskjer det gjennom meg. Takk for at de har svara på mitt kall. "

"Kjære barn! Frå dag til dag ynskjer eg å kle dykk med det heilage, det gode, det lydige og med Guds kjærleik, slik at de for kvar dag kan bli vakrare og meir klargjorde for Herren. Kjære barn, høyr etter og lev bodskapane mine. Eg ynskjer å leie dykk. Takk for at de har svara på mitt kall. "

"Kjære barn! I dag ynskjer eg å kalle dykk til arbeid i kyrkja. Eg elskar alle like mykje og eg ynskjer at kvar og ein skal arbeida så mykje som råd. Kjære barn, eg veit at de kan, men de gjer det ikkje fordi de føler dykk småe og audmjuke på dette området. De treng å vera modige og gjera kyrkja og Jesus rikare med små blomster, slik at alle kan bli nøgde. Takk for at de har svara på mitt kall. "

"Kjære barn! Eg, Mor dykkar, elskar dykk og ynskjer å oppmode dykk til bøn. Eg er utrøytteleg, kjære barn, og eg kallar på dykk til og med når de er langt borte frå hjartet mitt. Eg er ei mor, og sjølv om eg føler smerte for kvar og ein som kjem på avvegar, tilgjev eg lett og frydar meg over kvart barn som kjem attende til meg. Takk for at de har svara på mitt kall. "

"Kjære barn! Denne fastetida er ei spesiell oppmoding for dykk til å endre dykk. Start frå no av. Slå av fjernsynet og fornekt andre ting som ikkje har nokon verdi. Kjære barn, eg kallar kvar og ein av dykk til omvending. Denne tida er for dykk. Takk for at de har svara på mitt kall. "

"Kjære barn! Eg ber dykk om å ta til å forandre liva i familiane dykkar. Lat familien bli ein harmonisk blomst som eg kan gje til Jesus. Kjære barn, lat kvar familie bli oppteken av bøn, for eg ynskjer ein dag å sjå fruktene i familiane. Berre på den måten vil eg gje dykk alle som kronblad, som ei gåve til Jesus i samband med fullføringa av Guds plan. Takk for at de har svara på mitt kall. "

"Kjære barn! De veit at eg lova dykk ein oase av fred, men de veit ikkje at ved kvar oase finst det ein ørken der Satan ligg på lur og ventar på å freiste kvar og ein av dykk. Kjære barn, berre ved bøn kan de vinne over innverknaden frå Satan på dykkar plass. Eg er med dykk, men eg kan ikkje ta bort fridomen dykkar. Takk for at de har svara på mitt kall. "

"Kjære barn! I dag kallar eg dykk til bøn og faste. De veit, kjære barn, at med dykkar hjelp kan eg fullføra alt og tvinga Satan til ikkje å lokke til det vonde og å fjerna han frå denne staden. Kjære barn, Satan ligg på lur etter kvar person. Særleg i det daglege ynskjer han å spreie forvirring mellom kvar og ein av dykk. Difor kallar eg dykk, kjære barn, til at dagane dykkar berre blir fylde av bøn og at de overgjev dykk heilt til Gud. Takk for at de har svara på mitt kall. "

"Kjære barn! De veit at eg ynskjer å leie dykk på den heilage vegen, men eg vil ikkje tvinge dykk til å bli helgnar. Eg ynskjer at kvar og ein av dykk med små avkall hjelper dykk sjølve og meg, slik at eg frå dag til dag kan leie dykk til å bli meir heilage. Difor, kjære barn, ynskjer eg ikkje å tvinge dykk til å etterleva bodskapane, men at eg er med dykk så lenge er eit teikn på at eg elskar dykk umåteleg, og at eg ynskjer at kvar og ein skal bli heilag.Takk for at de har svara på mitt kall. "

"Kjære barn! I dag ynskjer eg å kalle dykk til dagleg å be for sjelene i skjærselden. Kvar sjel treng bøn og nåde for å koma til Gud og Guds kjærleik.Ved å gjera det, kjære barn, får de nye etterfølgjarar som vil hjelpe dykk med å forstå at alle dei jordiske tinga ikkje er viktige for dykk, men at det berre er himmelen som er viktig å streve etter. Difor, kjære barn, be utan opphald slik at de blir i stand til å hjelpe dykk sjølve og dei andre som vil få glede gjennom bønene dykkar. Takk for at de har svara på mitt kall. "

"Kjære barn! I dag kallar eg dykk på nytt til bøn med heile hjartet og at de dag for dag forandrar liva dykkar. Eg kallar dykk særleg, kjære barn, at de med dykkar bøner og offer tek til å leva eit heilagt liv, fordi eg ynskjer at kvar og ein av dykk som har vore ved denne heilage kjelda kjem til paradiset med den spesielle gåva som de skal gje meg, nemleg det heilage. Difor, kjære barn, be dag ut og dag inn for å få endra liva dykkar slik at de kan bli heilage, så skal eg alltid vera nær dykk! Takk for at de har svara på mitt kall. "

To compare Medjugorje messages with another language versions choose
1 2 Next>>

 

PC version: This page | Medjugorje | Apparitions[EN]  | Budskapene  | Articles[EN]  | Pictures[EN]  | Medjugorje Videos[EN]