Language 

Updates  | Medjugorje[EN]  | Budskapene  | Articles[EN]  | Videos[EN]  | Pictures[EN] | Site Map  | About[EN]

www.medjugorje.ws » Text version » Medjugorje Budskapene » Medjugorje Budskapene containing 'elskar'

Medjugorje Budskapene containing 'elskar'

Total found: 18
"Kjære barn! Eg har alt fortalt dykk at eg har valt dykk på ein særskild måte, nett slik de er. Eg, som er Mor dykkar, elskar dykk alle. Og når noko er vanskeleg for dykk, ver ikkje redde! For eg elskar dykk til og med når de er langt borte frå Sonen min og meg. Vær så snille, lat ikkje hjartet mitt gråte tårer av blod på grunn av sjelene som er mista ved synd. Difor, kjære barn, be, be, be! Takk for at de har svara på mitt kall. "

I denne bodskapen blir det referert tilprøving av folket. Denne prøvinga var mykje regn midt under innhaustinga av druene:
"Kjære barn! Takk for at de har via alt dykkar harde arbeid til Gud, sjølv no når Han prøver dykk gjennom druene de plukkar. Vær sikre, kjære barn, på at Han elskar dykk og difor prøver Han dykk. Legg alltid fram byrdene dykkar for Gud og vær ikkje engstelege. Takk for at de har svara på mitt kall. "

"Kjære barn! De er eit utvalt folk og Gud har gjeve dykk stor nåde. De er ikkje medvetne på alle bodskapane som eg gjev dykk. No vil eg berre seia - be, be, be! Eg veit ikkje kva anna å fortelja dykk, fordi eg elskar dykk, og eg ynskjer at de gjennom bøn skal forstå min kjærleik og kjærleiken frå Gud. Takk for at de har svara på mitt kall. "

"Kjære barn! I dag vil eg takke dykk for alle offera dykkar, men særskilt takk til dei som har vorte kjære for hjartet mitt og som gladeleg kjem hit. Det er mange soknebarn som ikkje lyttar til bodskapane, men på grunn av dei som på ein spesiell måte er nære hjartet mitt - på grunn av dei gjev eg bodskapar til soknet. Og eg vil halde fram med å koma med dei fordi eg elskar dykk og eg ynskjer at de skal spreie bodskapane mine med hjarto dykkar. Takk for at de har svara på mitt kall. "

"Kjære barn! I dag ber eg dykk om å leva ordet denne veka: "Eg elskar Gud!" Kjære barn, gjennom kjærleik vil de oppnå alt - til og med det de trur er umuleg. Gud vil at dette soknet skal tilhøyre Han heilt. Og det ynskjer eg òg. Takk for at de har svara på mitt kall. "

"Kjære barn! Eg ynskjer å halde fram med å gje bodskapar, og difor kallar eg dykk i dag til å etterleva og godta bodskapane mine! Kjære barn, eg elskar dykk og eg har på ein særskild måte valt ut dette soknet. Dette soknet er meir kjært for meg enn dei andre eg gladeleg har vore i når den Allmektige sende meg. Difor ber eg dykk - aksepter meg, kjære barn, slik at det kan gå bra med dykk. Lytt til bodskapane mine! Takk for at de har svara på mitt kall. "

"Kjære barn! Eg elskar soknet og eg vernar det med kappa mi mot alt som er Satans verk. Be om at Satan trekkjer seg ut av soknet og frå kvart individ som kjem inn i soknet. På den måten skal de bli i stand til å høyre alle påkallingane frå Gud, og til å svara dei med liva dykkar. Takk for at de har svara på mitt kall. "

"Kjære barn! I dag velsignar eg dykk og eg ynskjer å fortelja dykk at eg elskar dykk, og at eg innstendig bed dykk om å etterleva bodskapane mine. I dag velsignar eg dykk med den høgtidelege velsigninga som Den Allmektige gev meg. Takk for at de har svara på mitt kall. "

"Kjære barn! I dag ynskjer eg å kalle dykk til arbeid i kyrkja. Eg elskar alle like mykje og eg ynskjer at kvar og ein skal arbeida så mykje som råd. Kjære barn, eg veit at de kan, men de gjer det ikkje fordi de føler dykk småe og audmjuke på dette området. De treng å vera modige og gjera kyrkja og Jesus rikare med små blomster, slik at alle kan bli nøgde. Takk for at de har svara på mitt kall. "

"Kjære barn! Eg, Mor dykkar, elskar dykk og ynskjer å oppmode dykk til bøn. Eg er utrøytteleg, kjære barn, og eg kallar på dykk til og med når de er langt borte frå hjartet mitt. Eg er ei mor, og sjølv om eg føler smerte for kvar og ein som kjem på avvegar, tilgjev eg lett og frydar meg over kvart barn som kjem attende til meg. Takk for at de har svara på mitt kall. "

"Kjære barn! Eg vil fortelja dykk at denne tida er særskilt for dykk frå soknet. Når det er sumar, seier de at de er veldig opptekne. No når de ikkje har arbeid på jordene, arbeid med dykk sjølve! Kom til messe, fordi dette er sesongen som er gjeven til dykk. Kjære barn, mange kjem regelmessig uansett vêr, fordi dei elskar meg og ynskjer å syne kjærleiken sin på ein spesiell måte. Eg ber dykk om å syne meg kjærleiken dykkar ved å koma til messe, så vil Herren løne dykk rikeleg. Takk for at de har svara på mitt kall. "

"Kjære barn! I dag ynskjer eg å invitere deg til å vera glad i naboen din. Om du elskar naboen din, vil du sanse Jesus meir, særleg fyrste juledag. Gud vil skjenke deg store gåver om du overgjev deg til Han. Særleg i jula vil eg gje mødre mi eiga moderlege velsigning, og Jesus vil velsigne dei andre med si velsigning. Takk for at de har svara på mitt kall. "

"Kjære barn! I dag kallar eg dykk til å verkeleggjera kjærleiken i liva dykkar til Gud og dykkar medmenneske. Utan kjærleik, kjære barn, kan de ikkje gjera noko. Difor kallar eg dykk, kjære barn, til å leva i gjensidig kjærleik. Berre slik blir de i stand til å elske og akseptere både meg og alle dei rundt dykk. Alle vil kjenne min kjærleik gjennom dykk. Difor ber eg dykk frå i dag, kjære barn, om å starte å elske kvarandre med ein glødane kjærleik, kjærleiken som eg elskar dykk med. Takk for at de har svara på mitt kall. "

"Kjære barn! Eg takkar dykk for kjærleiken de syner meg. Veit de, kjære barn, at eg elskar dykk utan grenser og dagleg ber eg Herren om å hjelpe dykk til å forstå kjærleiken eg syner dykk. Difor, kjære barn, be, be, be! Takk for at de har svara på mitt kall. "

"Kjære barn! De veit at eg ynskjer å leie dykk på den heilage vegen, men eg vil ikkje tvinge dykk til å bli helgnar. Eg ynskjer at kvar og ein av dykk med små avkall hjelper dykk sjølve og meg, slik at eg frå dag til dag kan leie dykk til å bli meir heilage. Difor, kjære barn, ynskjer eg ikkje å tvinge dykk til å etterleva bodskapane, men at eg er med dykk så lenge er eit teikn på at eg elskar dykk umåteleg, og at eg ynskjer at kvar og ein skal bli heilag.Takk for at de har svara på mitt kall. "

"Kjære barn! I dag ynskjer eg på nytt å syne kor mykje eg elskar dykk, men eg er lei meg at eg ikkje kan hjelpe alle med å forstå min kjærleik. Difor, kjære barn, kallar eg dykk til bøn og fullstendig overgjeving til Gud, fordi Satan vil skilje dykk i det daglege, og han ynskjer å ta fyrsteplassen i liva dykkar. Kjære barn, be difor utan opphald! Takk for at de har svara på mitt kall. "

"Kjære barn! I dag kallar eg dykk med ekstra kjærleik til å oppfylle og følgje alle bodskapane som eg sender til dykk. Kjære barn, Gud ynskjer dykk ikkje lunkne og ubestemte, men at de overgjev dykk heilt til Han. De veit at eg elskar dykk og at eg brenn av kjærleik for dykk. Difor, kjære barn, bestem dykk for kjærleik slik at de dag ut og dag inn vil lengte etter å kjenne Guds kjærleik. Kjære barn, bestem dykk for kjærleik slik at kjærleiken får overtaket i dykk alle, ikkje menneskeleg kjærleik, heller Guds kjærleik. Takk for at de har svara på mitt kall. "

"Kjære barn! I dag kallar eg dykk til å overgje liva dykkar med kjærleik til meg, slik at eg kan leie dykk med kjærleik. Eg elskar dykk med ein ekstra kjærleik, kjære barn, og eg ynskjer å føre dykk alle fram til himmelen til Gud. Eg ynskjer at de skal vera klar over at dette livet er kortvarig samanlikna med livet i himmelen. Difor, kjære barn, bestem dykk i dag på nytt for Gud. Berre på den måten vil eg vera i stand til å syne dykk kor sterkt eg ynskjer at de alle må bli redda og bli med meg i himmelen. Takk for at de har svara på mitt kall. "

To compare Medjugorje messages with another language versions choose

 

PC version: This page | Medjugorje | Apparitions[EN]  | Budskapene  | Articles[EN]  | Pictures[EN]  | Medjugorje Videos[EN]